ARKIV
RULLETOUR 2009/2010 ER NO I GONG
Eldar K, Ole L og Bård V deltar frå klubben. Fyrste etappen er ein
prolog på 1.1 km med full spurt frå første tråkk så
her får ein opp skikkeleg pusten.
Sjå resultat frå I-Magic <her>
(Marius, Eldar og Bård).
Og Fortius <her>
(Ole)
RULLETOUR 2009/2010 STARTAR OPP 26. OKTOBER
For den som har tenkt å sykle rulle i vinter så er dette ein ypperleg
måte og holde seg i form på gjennom vinteren, men pass på
for det er lett å bli hekta og få ein formtopp i februar....
For dei som ikkje veit kva Rulletour er, så er det kort forklart ei uformell turnering for eigare av Tacx Imagic eller Fortius ruller. Turneringen går ut på at ein lastar ned etappar, som kan syklast i angitte tidsperiodar. Ein lastar opp sine resultat og kjem på en rankingliste. I tillegg vert det ført eit samandrag med ei virituell gul trøye. Dersom du hoppar over in etappe, vil du få eit virituelt resultat som er litt dårligare enn det dårligast registrerte resultatet på etappen.
Happy biking!!!!!!!!
Meir info <her>
TOUR DE SYKKYLVEN LAURDAG 26.SEPTEMBER KL.11.00
Vinnar vart Sykkylven IL. Ni minutt foran sykkelklubben med Velledalen IL og
Team Expert på dei neste plassane.
KORLEIS OPPFØRE SEG I TRAFIKKEN?
Fin artikkel <her>
om korleis ein skal sykle i trafikken og på fortau. Viktig å få
med seg at det er tillatt å sykle to i breidda.
SYKKELTRENINGENE FORTSET TIL SNØEN KJEM.
DET VERT NO TERRENGTRENING BÅDE TIRSDAG OG TORSDAG!!!!
HER FRÅ TRENINA 08.09.2009
Fantastisk tur i ruskever!!!!
Hydro-Sessvatnet-Kolda-Myrsetstølen-Myrset-Hovden-Kurset-Kolda-Åsen-Hydro
Rolig tempo (ca.1t30min)
Mvh Fornøgd
Arild, Jo og Bård (Foto:Eldar Kurseth)
SYKKELHELG PÅ HAFJELL 18.-20. SEPTEMBER
Vi tenkte å avslutte sesongen med tur til Hafjell. Vi køyrar nedover
med privatbilar.
Overnatting i hytte. Pris ca. kr.400,- pr.person pluss at vi spleisar på
brødmat.
PROGRAM:
Fredag ankomst
Laurdag:
Alternativ 1: Terrengsykling oppe på fjellet på stiar og grusvegar.
Alternativ 2: Utforsykling i Hafjell
BikePark
Leige av DH-sykkel inkl. verneutstyr kr.750,-. Heis kr.235,- pr.dag. Klubben
stillar med innleigd instuktør
Afterbike på Fjøsen kl.17.30. Pizza på Peppes utpå
kvelden.
Sundag: Terrengsykling på Hafjell, Skeikampen eller Høvringen.
For påmelding eller meir info ta kontakt med Frode
SYKKYLVSRITTET 23.AUGUST 2009
Jan Ove Standal hadde beste tid både på tempo og fellesstarten. Flott ver og nesten vindstille. Det vart ny rekord både på tempo og landevegsrittet.
GRILLTUR SUNDAG 7.JUNI
Søndag 7. juni arrangerte Sykkylven Sykkelklubb grilling ved Sessvatnet
i Sykkylven. Sessvatnet er ei perle like ved Ikornnes og mykje nytta som turområde
for lokalbefolkninga. Denne søndagen var det altså små og
store syklistar som tok i bruk dei gode turvegane rundt det idylliske vatnet.
Thor Aage Langdal hadde stilt hytta si til velvillig disposisjon. Ved hytta
er det bygd opp ein stor steingrill der folk la på både pølser,
kotelettar, kyllinglår og andre delikatessar. Ved sidan av matykt og sosial
prat, var det hengt opp ark med spørsmål på trea i området
rundt hytta. Borna var flinke å svare og nokre hadde alt rett på
den uhøgtidelege sykkelquizen.
Sykkelklubben satsar på å arrangere fleire slike turar der det sosiale
står i sentrum.
EKORNESRITTET 2009 LAURDAG 6.JUNI
Vinnar vart Martin Notøy Nevstad.
<RESULTAT HER>
TRENG DU NY SYKKELBUKSE?
No er det kommt inn nye sykkelklede. Kan kjøpast hjå Eva
på Intersport BS Aure.
Trøye kort arm kr. 605,-
Jakke pave kr. 955,-
Kort sykkelbukse med ny og forbetra pad (Evo Air) kr. 720,- <Meir
info om pad her>
SYKKYLVSRITTET 2009 SØNDAG 17. AUGUST
Tredve syklistar stod på startstreken då
fellesstarten gjekk av stabelen. Farta var nokså moderat fram til bakkane
opp til Hovdeåsen, men då vart det liv i feltet. Det skilte seg
ut ei klynge på åtte syklistar opp mot toppen av bakken. Nedover
mot Hundeidvik viste Per Steinar at han også beherskar utforkøyring.
Han heiv seg utfor bakkane så ritt-bilen framfor feltet berre så
vidt greidde å halde seg framom. Sykkylvingen fekk med seg Bård
Olav Karlstrøm på den dristige utforkøyringa og saman fekk
dei ei luke på ca ti sekund ned til dei neste. Dei prøvde å
samkøyre for å sikre avstanden bakover, men i stigninga tilbake
til Hovdeåsen kom resten av feltet opp på bakhjula til dei to utbrytarane.
Feltet på åtte var då igjen samla og slik var situasjonen
heilt fram til spurten ved mållinja. Då viste igjen Karlstrøm
og Per Steinar Linga seg som dei sterkaste. Tomrefjordingen Karlstrøm
greidde så vidt å hive seg framom velledalingen i spurten. Med i
åttemannsfeltet mot mål var også unge og lovande Ole Johan
Risa.
Tidlegare på dagen hadde temporittet rundt fjorden blitt arrangert. Her
var det skiløparen Vegard Godø frå Emblem som imponerte
mest. Han feide rundt løypa på tida 21.16. Raskare har det knappast
vore sykla på dei 15 kilometrane rundt Sykkylvsfjorden. Beste sykkylving
var igjen Per Steinar Linga med tida 23.30. Ole Johan Risa følgde like
bak med 24.13. Den beste tida alderen teke i betraktning fekk nok likevel Bård
Erstad som sykla i klassa 60-69 år. Han har vore med på dette temporittet
dei fleste åra det har vore arrangert, og tida 28.13 er ny personleg rekord
for Bård, som berre vert betre og betre med åra.
<RESULTAT TEMPO HER> og <RESULTAT FELLESSTART HER>
TRENG DU NY DRAKT?
Vi har litt drakter på lager. Ta kontakt med Eva på Intersport
om du treng noko.
Her er ei oversikt over det vi har inne:
|
Type
|
Antal
|
Storleik
|
Pris
|
|
Jakke Pave (vindtett)
|
1
|
M
|
750,-
|
|
Jakke Pave (vindtett)
|
2
|
L
|
750,-
|
|
Jakke Pave (vindtett)
|
2
|
XL
|
750,-
|
|
Trøye kort arm
|
3
|
12 år
|
255,-
|
|
Trøye kort arm
|
3
|
XS
|
510,-
|
|
Trøye kort arm
|
2
|
M
|
510,-
|
|
Trøye kort arm
|
1
|
XXL
|
510,-
|
|
Bukse kort m/seler
|
2
|
M
|
600,-
|
|
Bukse kort m/seler
|
1
|
XL
|
600,-
|
|
Bukse kort m/seler
|
1
|
XXL
|
600,-
|
EKORNESRITTET 2008 LAURDAG 7.JUNI
Rundt hundre med stort og smått stilte til start. Flott ver og
fine forhold i løypa.Vinnar av Stressless vart Håkon Fet.
Martin Grebstad vann sykkelen som var til utlodding.
<RESULTAT HER>
|
UTESYKKELTRENINGENE STARTAR TORSDAG 3.APRIL
2008
ÅRSMØTE FREDAG 22.FEBRUAR
2008
EKORNESRITTET OG SYKKYLVSRITTET 2008
NYE DRAKTER ER KOMMT
SYKKYLVSRITTET 2007 SØNDAG 2.SEPTEMBER
Ein annan ungdom som gjorde sine saker bra, var debutanten Daniel Nordhaug.
I sitt første ritt heldt han lett følgje med eldre og rutinerte
konkurrentar. |
||
|
EKORNESRITTET 2007 LAURDAG 9.JUNI
|
||
|
FELLESTRENINGENE STARTAR OPP TIRSDAG 8.MAI
|
||
|
PLAGAST DU MED SMERTER I RYGGEN? |
||
|
LYKKE TIL MED SESONGEN!
|
||
|
HEILÅRSLISENS 2007
|
||
|
TERMINLISTE 2007 FOR MØRE OG ROMSDAL |
||
|
KOM I FORM PÅ 10 MINUTTER
|
||
|
AKTIV FERIE? - KORSIKA RUNDT PÅ
SYKKEL
|
||
|
TEST FORMA FØR SESONGEN
STARTAR |
||
|
GUNN RITA PÅ TEAM SYKKYLVEN? |
||
|
"Vil kjøre over fjorden innen
ti år"
|
||
|
FORBEREDELSE TIL RITT GJENNOMFØRING AV RITT |
||
|
DRAKTENE TIL KLUBBEN |
||